søndag 30. oktober 2011

Frå analogbilete til digitalbilete!

Her er rett og slett nokre analogbilete eg har skanna inn på pc'en, for å redigere dei, og gjere forandringar til det betre, men kanskje også og til det verre?
Analogbilete
er eit bilete teke med eit analogkamera, noko som vil seie at kameraet lagrar bilete på ein film, som ein må behandle i mørkerom for å få fram. I motsetning til eit digitalkamera kvar ein umiddelbart får bileta opp på skjermen, og som ein like fort kan overføre til pc'en.

Her er to av originalbileta eg skanna inn på pc'en, av i alt tre. Dei begge visar meg som litan unge, og på de øverste er eg på aketur med pappa.


Slik vart resultatet eter at eg hadde redigert dei. Eg er ikkje noko mester i photoshop på nokon måte, så eg har berre gjort noko av dei enklaste justeringar. På det øverste brukte eg fyrst "eyedropper tool" og prøvde å farge over alle dei små riftane som var i originalbilete. Så var eg inne under instillingen "curves" og forandra på fargane, slik at bilete vart mørkare. Deretter skrudde eg opp kontrasten slik at fargane vart sterkare. Og til slutt brukte eg "blur tool"  i framgrunnen og bak i bilete, for å framheve kjelken.
På det underste, brukte eg fyrst "eyedropper tool" for å fikse riftane som var i originalbilete. Det er dette som tek lengst tid, for ein må vere så ufatteleg nøye.
Deretter gjorde eg bilete svart-kvitt, og brukte "history brush" for å få tilbake fargane over meg selv. Dette gjorde eg for å framheve det viktigaste. Eg syns verkeleg eg høyres ut som ein sjølvdiggar når eg skriv dette, men det er eg ikkje. Eg justerte fargetnane i "curves", og avslutta ved å gjere bilete lysare ved å justere det under instillingen "hue/saturation".





Her er det siste analogbilete eg har jobba med, og slik såg det ut då eg nettopp hadde skanna det innpå pc'en. Ein ser det ikkje så godt, men zoomar ein inn, ser ein ufatteleg mange små rifter, og desse tek kjempelang tid å få vekk.
Dette er igjen, megsjølv. 





Her har eg brukt "eyedropper tool" for å viske over alle riftane, og eg har kutta bilete ned.
Dette er ikkje eit av dei ferdige resultata, men eit mellomsteg!







Her er eit av to ferdige resultat. Her kan ein sjå at ungen er framheva, og at golvet og stolen er mindre skarp. Dette har eg gjort for å framheve. Eg gjekk fram på den måten at eg  lagde ein kopi av bilete, så viska eg ut fjeset, og skrudde, underinstillingen "gussian blur" opp nummeret til ca 1,8. Så kopierte eg bilete igjen, for på dette å viske vekk heile meg, og stille "gussian blur" opp på 2,7.
Ellers har eg ikkje gjort noko anna, men det er utrykksfullt fordet om.







Her er den siste utgåva av bilete, og det siste bilete eg har redigert. Her tok eg "mellomsteg" bilete, og redigerte fargetonen i "curves" til det litt mørkare, og log ein litt lys sepiatone over det heile. Det var det!
Alt i alt, har eg ikkje gjort noko avanserte justeringar, men eg er under læringsprosess.
                          

2 kommentarer:

  1. Aw, Heidi :) Du var søt! <3 Eg syns du har fått til oppgaven ganske så bra eg.! Likte bilde nr. 3 (i rekkefølgen). Likte kontrastbruken veldig godt! Men eg veit ikkje om de "hakkene" som du snakket om er på originalbildene.. I så fall så er de veldig vanskelig å se.. Men dersom dei ikkje er der, så ta de med neste gang på originalbildet. Slik kan vi se enda bedre se det harde arbeidet som du har gjort! Veldig bra jobba! :D Fortsett slik :)

    SvarSlett
  2. Du var skjønn Heidi! Likte måten du hadde redigert bildene, spesielt det med deg og pappaen din på akebrettet! :D

    SvarSlett