lørdag 9. juni 2012

Radering, monotypi og silketrykk!

Me har holdt på med ein del forskjellige prosjekt på skulen i år, og her er norkre av mine resultat.


Byrjar med radering på pleksiglas, som eg berre vart halvferdig med.



utgangspunkta for monotypiane


Og her er silketrykket


mandag 4. juni 2012

Motefotografi

Me har på skulen i nokre veker no holdt på med ei oppgåve kalla "kreativt motefotografi". Ein skulle ta stilige bilete, utforske, og eksprimentere med fargar, formar, kostyme og kameravinklar. Ein skulle ikkje vere redd for å slette seg laus og ja, ha det kjekt!
Me skulle bruke det beste resultatet av photoshooten til å lage ei magasinframside, og slik vart mitt resultat!

Temaet var "villt", og det er derfor Susann har fått på seg den ulveinspirerte lua Spirithoods. Ein tenkte dette passa bra, sidan der er i slekt med ein naturleg, vill skapning. Eg er nøgd med det ferdige uttrykket, for modellen har eit naturleg utrykk, og biletet er lite redigert.
Ein har også valt ein naturleg bakgrunn. Ein ser at modellen er omringa av greiner, og er ute, noko som er med på å framheve det ville. Ute i villmarka. 
Det  er alt i alt strukturert, og den grøne skrifta går igjen, noko som gjev det ein god heilheit



Her er originalbilete, eg har brukt spongetool og tatt vekk fargen frå bakken, og lagt over fleire filter for å framheve Susann og greinene i framgrunnen. 
Ellers har eg ikkje redigert noko, utan å lagt på tekst.

Her er noko av dei andre bileta eg har teke.












tirsdag 13. mars 2012

Sjablongar!

I ein periode no har me eksprimentert med sjablongtrykk, noko eg aldri har gjort før.
Kunstforma er kjemepestilig og kan være ufatteleg uttrykksfull, dekorerande og tankjevekkande.

Personeleg likar eg denne kunstforma kjempegodt, og tok det som ein utfordiring å lage eige verk.
Oppgåva me fekk var å ta utgangspunkt i noko kjend, noko folk kjende att med ein gang, som ein kjendis, colaflaske, elefant også vidare, og blande det ed noko ein aldri hadde assosiert med denne gjenstanden/personen.
Kunsten treng ein ikkje gå på museum for å sjå, men finn den på gata, på murveggar og kanskje i busskur?
Den erofte veldig forseggjort, og ein fryd for auga.

Eg er ikkje blitt heilt ferdig med mitt uttrykk, grunna ulike faktorar, men eg visar kva eg har fått til

 Eg jobbar i A3 format, og her har eg teke utgangspunkt i teikneseriefiguren Langbein.
Eg skal lage siluetten av ein edderkopp, og plassere den nede på golvet, slik at det ser ut som om han blir skremd av den. 

Beina og armane er litt storleikskilnad på, men dette skjedde under trykkprosessen desverre, for det var vanskeleg å lime den på plass.




Til venstre ser ein originalteikninga av siluetten. Denne satt eg og skar ut med tapetkniv så nøyaktig som eg kunne. Etter litt bal, fann eg ut at eg måtte ta tekninga til høgre, spraye lim på, leggje på eit kvitt ark, og måle oppå. Eg prøvde meg med teip fyrst, men, etter ei stund slo det meg at eg var på bærtur.


Eg er som sagt ikkje heilt ferdig med oppgåva, men planen er å lage ein sjablong på same måten, av denne, og lime den på arket på toppen. 

tirsdag 21. februar 2012

Reportasje, dokumentasjons- og kunstfotografi

Reportasje- og dokumentasjonfotografi

Eg vel å slå desse to kategoriane saman, og grunnen til dette er at dei handlar om mykje det same. Begge er der for å dokumentere noko som har skjedd/skjer.
Det handlar rett og slett om å alminnelegjere folks gjøren og laden.
Det kan brukast i private samanhengar, men og i aviser og reportasjar. Internettartikklar og alt kvar noko treng og dokumenterast. Kanskje eit bilete av ei bursdagsfeiring for lenge sidan, eller første dagen i første klasse på barneskulen?
Men og kanskje for å dokumentere eit mord, eller hungersnøda i Afrika?
Her, har amatørfotografen samanlikna med yrkesfotografen, ofte større sjanse for å lykkast, dette fordi hans eller hennas uavhengihet gjev personen ein langt større fridom, sidan dei ikkje er bunden til alt utstyret.
Men sjølv om eg ikkje har funne nokon bestemt skilnad mellom dokumentar og reportasje i denne smanheng, vil eg fastlå ut i frå det eg har funne ut, at dokumentarfotografi, er brukt i dei fleste samanhengar, men oftare privat, for å dokumentere alle moglege ting, som t.d. bursdagar og familiesamankomstar Reportasjefotografi derimot, vil eg tru vert meir brukt i reportasjar, artikklar, både på nettet og på TV.
Så reportasjefotografi er dokomentarfotografi, berre i ein litt strengare grad. Eg vil og tru at det er eit høgare anntal yrkesfotografar som driv med reportasjefotografi, medan alle som klarar å tykkje på utløysakrappen på kameraet, på ein eller annna måte klarar, uavhengig av kvalitet, klarar å ta dokumentarfoto.


Kunstfotografi
Med kunstfotografering skiftar ein fokus frå det å dokumentere ei hending, og over til å legge fokus på med meir materialistiske og dekorative innhaldet i bilete.
Ein kunstfotorafs formål, er å skapa eit dekorativt og kunstnarisk bilete med personar  eller objekt som aktørar.



Døme på reportasjefotografi;
Dette kunne gått katastrofalt når ein person prøvde å køyre over ei hengebru til eigendommen sin, ved Drangensdal i Telemark. 20.2.12



Dødsulykke i Arendal, der ein person omkom etter frontkollisjon på E18.
20.2.12
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10078291



Døme på dokumentasjonsfotografi;
Dokumentarfoto hos Svebjørn Auto på Fagernes i Narvik 2. feb. 2011 VW og Skoda
http://www.infoto.no/Other/Arbeidsliv/3736275_39pZJr/1206589090_npBbw#!i=1206589090&k=npBbw&lb=1&s=A


Dette bilete dokumenterer at ei dame er på joggetur.


Døme på kunstfotografi;





Eigne bilete, under kategorien kunstfoto;
Utsikt over Sævareid og Bjørnefjorden

Nærbilete av ein bekk

tirsdag 31. januar 2012

Tom Schandy

- Natur frå pol til pol
Eg har skrive om den heilnorske, verdskjende naturfotografen, Tom Schandy.
Han er født 9.november 1962, i Vestfossen i Øvre Eiker i Drammen.
I tillegg til å være naturfaotograf, er han journalist, redaktør, forfatter og forleggjar.


Fotografia hans er verdskjende, og i 2010 gjekk han til topps i verdas største naturfotokonkurranse, den prestisjetunge Wildlife Photographer Of The Year Award, kvar han vann med dette bilete.
Det er her avbilda ein jaguar i brasilsk villmark.

Han er utdanna biolog og har tatt hovudfag på fuglen dobbeltbekkasin.

Hans karriere som profesjonell naturfotograf byrja i 1988, og etter dette har han gjeve ut sju bøker. Han har skrive artikklar, vore på TV, starta eige forlag (Tom&Tom) - saman med Tom Helgesen, og vorte redaktør av det nystarta norske tidsskriftet Natur&Foto.





Eg skal og pressentere nokre andre andre bilete han har teke.
Nr 2 og 3. - Dette med jaguaren går som nummer ein.

Det er tatt 14. februar 2010, På ein matstasjon for elg, medan han sat 4-5 meter unna i bilen sin.
Bilete var originalt og kreativt, rett og slett spanandes. Vinklelen det er tatt frå, og det at det er den halve elgen som er i fokus, og ikkje den heile i bakgrunnen, gjev det eit eller anna særpreg.


Dette er teke på same stad til same tid, og utnsittet her, er like kreativt, ein skjønar med ein gong at det er ein elg ein ser, men samtidig skapar det undring. Fargebruken og redigeringa er med på å gjere det mystisk og difust.



Nr 4.
Motovet er russiske fjell.
Bilete visar eit lite stykke natur på sitt aller beste. Fargane er så ufatteleg harmoniske, og nei, det var berre eit blinkskot




Nr 5.
Bilete er tatt 12.9.2012, og er ganske så ferskt. Her inntar kongepingvinene øya Hokksund i Syd-Georgia.
Ein får verkeleg innsikt i det store omfanget, og det ser ut som om ein endelaus hær av pingvinar straumar på, og sjølv om det grøne i bakgrunnen er vegitasjon, går det fint an og forestille seg enda fleire pingvinar. Fargane er sterke, og gjev frikst liv til bilete, og det var teke frå ein spanande vinkel. 



¨


Nr 6.
Siluetten av Træna på Helgelandskysten i midnattssol.
Eg elsker fargane!


Eg er mektig usikker på bilet-teknikkane hans, men han tek bilete frå alle moglege perspektiv, med mange forskjellige linser, og det virker ikkje som om han favoriserar nokon slags form for redigeringsmetodar, men er derimot ganske så allsidig. Han tar og bilete av det meste som angår natur. Vel og merke tar han bilete av dyr i sitt naturlege habitat, og har derfor reist jorda rundt, Pol til pol.




Så kom me til den delen, kvar eg skulle prøve meg på å vere naturfotograf sjølv, og ta foto inspirert av denne karen.


Det er eit panorama naturbilete. Eg tok det i dag i det fine vintervêret, og ein kan skimte Bjørnefjorden i høgre hjørne. Det er ikkje redigert på nokon måte, fordi eg fekk ikkje noko godt resultat heller der. Redigerings eigenskapane mine strekk ikkje til. Likevel, var det noko stilig over det syns eg.

Dette tok eg hausten 2011, heime i Sævareid. Eg har berre redigert fargeinstillingane i curves, og når eg ser på det, får eg ein følelse av ro. Dette fordi fargane harmonerte, var duse og rolege.


Dette har eg teke i Bodø, juli 2011. Kokka var halv tolv på natta og det er midnattssol.
Sjølv om eg tok det for ei stund sidan, vart eg inspirert til å legge det ut då eg såg "bilete nr 6.", for eg syns det likna. Fargetonane og siluettane var ganske så likt.

mandag 5. desember 2011

Bilete!

Me fekk eit lite oppdrag på skulen, der ein skulle dele seg opp i grupper, og gå ut å ta bilete saman for å få spanade komposisjonar. Men hovudmålet var å verte betre kjend med dei fotografiske uttrykka blendar, lukkartid og ISO verdi.
Her er dei forskjellige oppgåvene og bileta.
Eg har heller ikkje redigert nokon av dei på nokon måte, for å vise resultatet fult og heilt.

                                                  Oppgåve 1. Portett med stor og liten blendar.

Det øverste bilete er teke med liten blendaropning. Det er så mørkt fordi så lite lys har sloppe inn. Det nederste er det stikk motsatt med, det er teke med stor blendaropning, og alt for mykje lys er sloppe inn. Bilete oppe er klart undereksponert, og bilete oppe, er overeksponert.

Oppg 2. Samme som ovenfor, berre med heilfigur.



Oppgåve tre. Å ta bilete med bevegelse i
Her er lukkertida lang, noko som kan sjåast att i dei "blury" snøfnugga. Dei er langt frå skape.

Oppgåve 4. Å fryse ein bevegelse
Her kaster Maria frå seg paraplyen, og det ser ut som om den står stille i svevet. Dette er fordi det er blitt brukt kort lukkartid.

mandag 21. november 2011

Julekort til skulen! :)

Det var nok ein gong klart for eit nytt oppdrag i trykk og foto, og denne gongen skulle kvar einskild lage eit eigeprodusert julekort for Fusa Vgs. Som skulen igjen skal bruke til å sende ut til alle kontaktane sine.
Eg er ein av dei personane som plar å bruke ufatteleg lang tid på å komme i gang med ei oppgåve, eller i heile tatt komme på ein ide, men denne gongen kom eg overaskande kjapt i gong, og her er resultatet.


Eg vart inspirert av det læraren sa, om at nokre førre elevar hadde teke bilete av skulen til kortet, og eg tenkte dette måtte då vere naturleg å gjere, sidan skulen står såpass sentralt. Eg følte eg ikkje hadde fått fram same bodskapet om eg heller hadde brukt bilete av eit juletre. Oppgåva la vekt på originalitet og at vertfall enkelte delar av det ferdiglaga produktet, skulle vere eigeprodusert. Eg fann ut at eg ville lage ein collage, og trossa minusgradene for å traske ut og ta bilete. Eg tok fleire bilete av skulen frå ulike vinklar, før eg fann ut eg ville gjere det på denne måten.
Då eg fyrst hadde fått ideen, fekk eg kjapt teke bileta og kommt meg inn att.
Etter dette byrja eg med klippinga og liminga, for å få kvart bilete til å sjå ut som om skulen hang saman.
Det ser litt hakkete ut, men dette har eg gjort bevisst.
Det at det er rim på originalbileta, gjorde jo med ein gong at bileta trong mindre redigering for å gje dei "julesteming". Eg har redigert størrelsen på bileta og endre fargetonane litt. Eg brukte etter det sponge tool, for å viske vekk fargane på bilane, "straumhuset", dette fordi eg syns det tok for masse merksemd vekk frå skulen, som eigentleg er hovudfokuset.
Eg fann så ein fin font på nettisda  http://www.dafont.com/ . Eg lasta ned Hordaland fylkeskommune logoen, og lasta ned snøfnugg brushes på same sida som eg fann skrifta eg skulle bruke.
Alt i alt er eg ganske så nøgd med det ferdige resultatet. Det vert enkelt, men likevel originalt og stilreint.
Eg syns det ligna eit panorama bilete.