tirsdag 31. januar 2012

Tom Schandy

- Natur frå pol til pol
Eg har skrive om den heilnorske, verdskjende naturfotografen, Tom Schandy.
Han er født 9.november 1962, i Vestfossen i Øvre Eiker i Drammen.
I tillegg til å være naturfaotograf, er han journalist, redaktør, forfatter og forleggjar.


Fotografia hans er verdskjende, og i 2010 gjekk han til topps i verdas største naturfotokonkurranse, den prestisjetunge Wildlife Photographer Of The Year Award, kvar han vann med dette bilete.
Det er her avbilda ein jaguar i brasilsk villmark.

Han er utdanna biolog og har tatt hovudfag på fuglen dobbeltbekkasin.

Hans karriere som profesjonell naturfotograf byrja i 1988, og etter dette har han gjeve ut sju bøker. Han har skrive artikklar, vore på TV, starta eige forlag (Tom&Tom) - saman med Tom Helgesen, og vorte redaktør av det nystarta norske tidsskriftet Natur&Foto.





Eg skal og pressentere nokre andre andre bilete han har teke.
Nr 2 og 3. - Dette med jaguaren går som nummer ein.

Det er tatt 14. februar 2010, På ein matstasjon for elg, medan han sat 4-5 meter unna i bilen sin.
Bilete var originalt og kreativt, rett og slett spanandes. Vinklelen det er tatt frå, og det at det er den halve elgen som er i fokus, og ikkje den heile i bakgrunnen, gjev det eit eller anna særpreg.


Dette er teke på same stad til same tid, og utnsittet her, er like kreativt, ein skjønar med ein gong at det er ein elg ein ser, men samtidig skapar det undring. Fargebruken og redigeringa er med på å gjere det mystisk og difust.



Nr 4.
Motovet er russiske fjell.
Bilete visar eit lite stykke natur på sitt aller beste. Fargane er så ufatteleg harmoniske, og nei, det var berre eit blinkskot




Nr 5.
Bilete er tatt 12.9.2012, og er ganske så ferskt. Her inntar kongepingvinene øya Hokksund i Syd-Georgia.
Ein får verkeleg innsikt i det store omfanget, og det ser ut som om ein endelaus hær av pingvinar straumar på, og sjølv om det grøne i bakgrunnen er vegitasjon, går det fint an og forestille seg enda fleire pingvinar. Fargane er sterke, og gjev frikst liv til bilete, og det var teke frå ein spanande vinkel. 



¨


Nr 6.
Siluetten av Træna på Helgelandskysten i midnattssol.
Eg elsker fargane!


Eg er mektig usikker på bilet-teknikkane hans, men han tek bilete frå alle moglege perspektiv, med mange forskjellige linser, og det virker ikkje som om han favoriserar nokon slags form for redigeringsmetodar, men er derimot ganske så allsidig. Han tar og bilete av det meste som angår natur. Vel og merke tar han bilete av dyr i sitt naturlege habitat, og har derfor reist jorda rundt, Pol til pol.




Så kom me til den delen, kvar eg skulle prøve meg på å vere naturfotograf sjølv, og ta foto inspirert av denne karen.


Det er eit panorama naturbilete. Eg tok det i dag i det fine vintervêret, og ein kan skimte Bjørnefjorden i høgre hjørne. Det er ikkje redigert på nokon måte, fordi eg fekk ikkje noko godt resultat heller der. Redigerings eigenskapane mine strekk ikkje til. Likevel, var det noko stilig over det syns eg.

Dette tok eg hausten 2011, heime i Sævareid. Eg har berre redigert fargeinstillingane i curves, og når eg ser på det, får eg ein følelse av ro. Dette fordi fargane harmonerte, var duse og rolege.


Dette har eg teke i Bodø, juli 2011. Kokka var halv tolv på natta og det er midnattssol.
Sjølv om eg tok det for ei stund sidan, vart eg inspirert til å legge det ut då eg såg "bilete nr 6.", for eg syns det likna. Fargetonane og siluettane var ganske så likt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar