Me fekk i oppdrag i trykk og foto å lage ei framside til inntakskatalogen i Hordaland 2011. Det er og stifta ein konkuranse i samband med dette prosjektet. Alle som ville kunne delta, men uansett måtte ein lage forslag og poste på bloggen. Fristen for innleveringa er i dag (15. nov), men eg trur ikkje eg deltek. Kankje til neste år?
Premien var vertfall 4000kr.
Premien var vertfall 4000kr.
Uansett, her er mitt forslag.
Eg har teikna treet, dua og "vinden", sjølv med vanleg gråblyant. Eg skanna det deretter inn på datamaskina, og gjorde strekane sterkare, og brukte brushes for å få fram blada.
Greina fuglen sit på, symboliserer alle retningane ein kan gå, eller alle "grenene" ein kan velge.
Blada, osm byrjar små og utviklar seg til å bli store, symboliserer alle dei små og store draumane, som kan bli til verkelegheit. Legg og merke til at dess nermare blada kjem, eller dess større dei blir, dess friskare farge får dei.
Er det noko eg vil forandre på, er det fargene. Eg likte ikkje fargane på dei fremste blada. Eg skulle og ha farge på resten av bilete, men dette fekk eg ikkje til. Eg brukte "Paint Bucket", og uansett kor tette strekane var, vart alltid heile bilete fylt med same farge. Dette endte med at bilete vart kraftig livlaust, men kanskje det at blada kom enda meir i fokus var ein positiv ting?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar